mandag 3. mai 2010

Nattergal - Varm og blodig krim

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Læraren og journalisten, Kai Martin Brekke, debuterte i 2006 med spenningsromanen ”Nattergal”. Brekke legg debutromanen si handling til heimbygda, Flåm, og vier alle boka sine 177 sider til å gi lesaren eit innblikk i bygda si historie og kultur. Romanen er skrive på nynorsk, noko som også gjeld for Brekke si andre bok, ”dødelig arv”, som blei gitt ut i 2008.


Ein rekordvarm sommar i bygda Flåm resulterer i at turistnæringa, det økonomiske grunnlaget til bygda, blomstrar meir enn nokon gong tidlegare. Eit blodig lik blir funne på toalettet i ein kupe på Flåmbanen og etterforskarane står igjen utan eit einaste spor i saka. Den drepne er ei kvinneleg, amerikansk professor og saka blir gitt til den einslege lensmannen Mikkel Holo, som etter eit lengre opphald i ein av USAs mest kriminelt belasta byar, endeleg har vendt tilbake til heimbygda, Flåm. Samtidig, ein stad ikkje langt unna syng ”Nattergalen” ein stille song, ein song om at ei ”syster” har blitt teke hand om, berre tre gjenstår. Flåm går ei varmare tid i møte. Drepande varm og blodig.

”Nattergal” er ein krimroman med høgt spenningsnivå. Lesaren blir vitne til eit høyst velregissert hemnkomplott, der fleire partar er ute etter å utøve rettferda. Ved å hoppe frå person til person, leike med tida og gi grundige referat frå karakterane sine tankar og mentale tilstand, gjer Brekke at det skal godt gjerast å leggje boka frå seg. Boka er veldig godt gjennomført, og sjølv om lesaren frå tid til annan følgjer mordaren, sit ein ikkje igjen med ein klar kjensle om kven som faktisk er offer i dette store komplottet.

Boka har eit breitt register av karakterar med vidt forskjellige personlegdommar, noko Brekke bruker mykje tid på å få fram både gjennom grundige personkarakteristikkar og tankereferat. Handlinga hengjer godt saman, då fleire av boka sine karakterar har ei fortid saman i den vesle, lokale bygda, noko som skaper eit inntrykk av ei typisk bygd kor alle kjenner alle.

Eg liker boka veldig godt. Ei gjennomført og spanande handling frå byrjing til slutt, gjer at eg med stor trygging kan anbefale denne romanen. I ”Nattergal” følgjer ein heile tida fleire karakterar i eit og same tidsrom, noko som gjer at boka til tider kan vere forvirrande. Her gjeld det å halde tunga rett i munnen! Boka er kort, noko som resulterer i ein litt for brå slutt etter min smak, men samtidig fører det til at ei elles tungvinn bok, blir nokså lettlest.

Eg synest Kai Martin Brekke gjer ein solid debut med denne boka, og anbefaler derfor «Nattergal» på det sterkaste.

Kjelder:

http://www.bokkilden.no/SamboWeb/sok.do?enkeltsok=Kai+Martin+Brekke&rom=MP

http://www.abcnyheter.no/borger/skrivetips/071024/slik-skriver-du-bokanmeldelser

http://bokelskere.no/bok/nattergal/26865/

Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar