mandag 3. mai 2010

Saman er vi mindre aleine - Tankevekkande og utrulig gripande

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Den franske forfattaren Anna Gavalda har skrive ein gripande roman om einsemd, kjærleik, vennskap og vanskelegheita med livet. Gavalda tar opp både samfunnsproblem, historikk og korleis barndom og fortid kan dvele ved menneske. Boka Saman er ein mindre aleine er opphavleg ei fransk bok, men har hatt ein utruleg suksess sidan utgivinga i 2004. Dette har ført til at boka har blitt omsett til mange andre språk, der i blant nynorsk. Den nynorske versjonen er omsette av Tove Bakke og blei gitt ut av Det Norske Samlaget. Den store suksessen har også ført til filmatisering av boka, der den kjente skodespelaren Audrey Tatou spelar ei av hovudrollene.


I den fengslande boka blir me kjent med dei fire menneska Camille, Franck, Paulette og Philibert. Dei er alle åleine i Frankrike. Vaskehjelpa Camille er ei utruleg tynn og kunstnarisk ung jente. Ho bur i ei elendig og lita loftleilegheit. I det same huset bur stammande Philibert, i ei fantastisk, dyr, gamal og stor leilegheit, som han passar på for familien sin. Philibert elskar gamal historie, men på grunn av prestasjonsangst sel han postkort for å livnære seg. Romkameraten til Philibert er bakaren Franck. Han er ein hardt strevande mann, som bruker fritida på motorsykkel og damer. Paulette er bestemora til Franck. Etter kvart som disse menneska blir betre kjent, får me høre om bakgrunnane deira og vanskelege tider.

Anna Gavalda har skrive på ein måte som skapar spenning og som gjer at det aldri blir keisamt. Historia er munnleg fortald og språket er dessutan lett. Forfattaren har variert mellom scener, replikkveksling, skildringar og tankar. Dette gir boka variasjon. Gavalda har også skreve om personane på eit levande vis.

Saman er ein mindre aleine har ei historie som verkeleg fekk meg til å tenkje over vanskar i livet, men også kva for eit vennskap forskjellige personar, med forskjellige bakgrunnar, levemåte og alder kan ha. Eg trur forfattaren vil gi et bodskap om at einsemd gjer oss svake, mens samhald gjer oss sterkare og mindre aleine. Boka var utruleg fin, blant anna fordi den var levande, gripande og hadde eit interessant tema. Eg anbefaler boka på det sterkaste.

Lise Slåttum

Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar