mandag 3. mai 2010

Tyl - Vestlandet er offisielt ein hysterisk morosam stad

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Tyl er ein humoristisk bok om kvardagen på Vestlandet.


Finn Tokvam og Halvor Folgerø har gått saman og skapt Tyl. Boka vart gitt ut i 2005 av Samlaget og er ein sorgmunter komedie som garantert vil gje deg eit smil om munnen.

Ove Ullkvam køyrer postbil i ei lita bygd på Vestlandet. Han lever eit keisamt og einsformig liv, høyrer på Charlie Parker og drøymer om korleis alt kunne ha vore. Når han og kameraten Ragnar skriv ei kontrakt i fylla, endrar alt seg. Frå å vere ein diffus, sjenert postmann som berre ønskjer å gjere alle til lags, blir han ein sjølvstendig person med planar for framtida. Den største endringa hender når han møter drøymedama på festival på Voss, men etter kvart viser det seg at kontrakten også byr på problem. Problem som tek Ove på senga.

Tyl er så godt skreve at sjølv den største nynorskhatar vil sjå annleis på språket. Ho er med på å knyte eit band mellom ungdom og det upopulære sidemålet. Tokvam og Folgerø viser kva som er mogeleg å utrette med nynorsken. «Playstation-generasjonen» vil like forteljinga sidan ho tek opp temaet å finne seg sjølv. Dette er eit viktig spørsmål for mange unge.

Forfattarane har klart å lage ei god og humoristisk skildring av Vestlandsbygda og karakterane som bur der. Alt frå einstøe bygdeoriginalar til sleske konsulentar er skildra på meisterleg og underhaldande vis. Dialogane er ekstremt gode, noko som gjer at alle med eit snev av humor vil humre seg gjennom historia. Overraskande vendingar og originalt dialektprega språk bidreg også til ei interessant leseoppleving.

Eit forsterkande verkemiddel som er tatt i bruk er dikt. Forfattaren har valt å understreke kjenslene og tankane til personane med poesi, skrive av Ragnar. Alle dikta byggjer på Olav Stedje, og på slutten av boka er alle samla opp i ein lattermild Olav Stedje-antilog.

Det er ikkje berre Charlie Parker og Olav Stedje som har fått plass i romanen. Mange andre kjende songar og grupper blir nemnt. Derfor bør ein ha eit visst forhold til musikk for å få fullt utbytte av han.

Alt i alt er Tyl høveleg for dei fleste. Sjølv om boka er skrive med ein del vestlandsk internhumor vil ho slå sterkt an hos pappagutar i møblerte heimar på Oslos beste vestkant. Ein skulle ikkje tro at Vestlandet hadde så mykje moro å by på. Uansett kor ein er ifrå vil ein le seg skakk av dei artige skildringane og hendingane. Alle kan nemlig kjenne seg igjen i personane og kvardagen deira. Tyl er høgst anbefalt, og det kjem ifrå ein som aldri har vore på bygda i Sogn og Fjordane.

Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar