mandag 3. mai 2010

Bibelen 2 - Kritisk, ironisk og kristent frå Kalvø

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE


Bibelen 2 er skrive av Are Kalvø (f. 1969). Medverkande i form av teikningar er Steffen Kverneland (f. 1963). Boka blei gitt ut av Samlaget i 2002 på nynorsk. Bibelen 2 er ein humoristisk roman, sett til år 2000. Dette vil seie ca. 2000 år etter Jesu fødsel, noko som gjer hovudpersonen omlag 2000 år gammal. Bibelen 2 er ei fiksjonsbok, som tar opp eit samfunnsaktuelt tema.

Boka startar med at Jesus, absurd nok, plutseleg dukkar opp på Triaden i Lørenskog, iført kvit kjortel og sandalar. Han har kome for å gjere det som Jesus pleier å gjere, nemlig frelse. Men sin gamle måte å snakke på, og bildebruken han har, gjer ikkje det den oppgåva enkel. Han prøver å tilpasse seg sjølv, og samtidig vere ein tilgjengeleg Messias. Dette fører til at han stiller opp på omtrent kvart einaste tv-program som Noreg har å by på. Slik oppstår det ein del komiske situasjonar, som Kalvø skildrar på ein god og humoristisk måte. Litt seinare skaffar han seg 12 disiplar, som består av nokre medlemmar av MissionandValues, resepsjonisten som var den første han møtte, og nokre andre frå «den avgjerande februardagen». Dette skaper ein del kaos, misnøgd, og selvfølgeleg komiske situasjonar. Dei fleste organisasjonar vil gjerne ha ein representant.

Rockebandet «Tollarar og syndarar» blir danna innanfor disiplane sin krets, inkludert Jesus. Mange meiner på grunn av dette, at det ikkje er den rette Jesus, og at dei går imot alt som kyrkja står for. Etter alt kaoset vel Jesus å gå heim til far sin, for å sitje ved hans høgre hand igjen.

Boka inneheld 2 testament, apostlane sine gjerningar, og ei lita oppsummering av kva som har hendt i bibelen versjon 1. Kvart av dei store kapitalane er delt opp i mange ulike evangelium og nokre forteljingar. Difor fins det ikkje ei tydeleg forteljarstemme, men mange forskjellege. Dei fleste er skrive tredjeperson. Vi får høyre historia frå forskjellege synspunkt, blant anna frå resepsjonisten, som var der den avgjerande februardagen. Dette får boka til å bli komisk, fordi vi ser korleis vanlege folk reagerer på dette. For det meste er boka skrive som om den var ei seriøs og truverdig skildring av Jesu sin opptreden på Lørenskog.

Media spelar ei stor rolle i denne perioden, siden det er den einaste måten Jesus får kontakt med folket på, for å prøve å spre bodskapen sin.

Eit anna viktig tema i boka er dagens syn på kristendomen. Når Kristus kjem til Noreg, var dei kristne heilt annleis enn korleis dei var før. Den største motstanden møtte han i den kristne kyrkja, og det kristne samfunnet, noko som er veldig paradoksalt. Men likevel trur eg at det kunne hende i verkelegheita. Folk er meir opptatt av å vere «gode» kristne, enn å sjå Gud i kvardagen.

Alt i alt syns eg boka var bra skrive, men handlinga blei litt for søkt. Til tross for det ville eg anbefalt boka, fordi den har eit viktig bodskap, og eg trur at dei fleste vil like boka.


Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar