fredag 30. april 2010

Rom ved havet, rom ved sjøen - Spanande og eksotiske bilete frå kvardagen

Bokmelding skrevet av en elev i 1STE.


Novellesamlinga Rom ved havet, rom i byen av Frode Grytten tek lesaren med inn i forskjellige rom i land frå heile verda. Kvar enkelt av dei til saman ti novellene tek utgangspunkt i forskjellige måleri av den amerikanske kunstnaren Edward Hopper, og har også fått namnet sitt etter måleria. Den første sida i kvar novelle beskriv det ein kan sjå på måleriet som er utgangspunktet til akkurat den novella. Rom ved havet, rom i byen blei gitt ut av Det Norske Samlaget i 2007.


I kvar novelle får lesaren eit glimt av livet til vanlige menneske som er så lette å gløyme. Det er følsame og sårbare menneske som gjer både kloke og mindre kloke ting. Dei er lette å kjenne seg igjen i. Novellesamlinga er typisk for Grytten, som pleier å skildre livet til ordinære menneske på ein litt annleis måte.

Eg synest temaet i alle novellene er at samliv mellom ordinære menneske ikkje er enkelt i det heile tatt. I kvar novelle blir ein brakt inn i eit rom ein stad i verda, kor menneska strever etter det perfekte liv saman. Dei møter både motgang og sjalusi, men til slutt prøver dei å finne ein veg ut av det dystre. Dei forstår at dei sjølv må ta ansvar. Det er ingen andre der for å ordne opp for dei.

Det at Frode Grytten har tenkt på at det er rekkjefølgja som bestemmer, er det ingen tvil om. I mange av novellene kjem det fram at det er kven ein møter først som bestemmer kven ein er i lag med. Slik er det over heile verda, og slik kjem det alltid til å vere.

Utgangspunktet for kvar novelle var som tidligare nemnt eit bilete av Edward Hopper. Det sette meg som lesar inn i situasjonen til novella med ein gong, og ut frå biletet kunne eg lage mi eiga oppfatning av novella før eg las ho. Likevel utvikla fleire noveller seg annleis enn det eg hadde trudd, noko som gav heile novellesamlinga meir liv.

Eg likte reisa gjennom liva til ordinære folk. Eg kjende meg igjen i temaet Grytten tok opp, om at det vanlege livet ikkje alltid er like enkelt. Grytten skriv med mykje direkte tale, noko som gjer tekstane litt enklare å følgje med på og lette å forstå. Sjølv om novellene handlar om folk som deg og meg fleire stader i heile verda, var det også nokre moment som verka litt langt borte, i alle fall frå livet til ein ungdom. Grytten viser i sine noveller at folk over heile verda eigenleg har mykje til felles og er ganske like, når alt kjem til alt.

Elev i 1STE, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar